nordr

Slik kjøper du ny bustad på Lerum Brygge, Blokk C

2022-05-20
Slik går du fram for å vere med på salsstart på Lerum Brygge, Blokk C.

Skriftleg, bindande bod på prisantydning må vere levert inn til meklar innan tirsdag 31. mai 2022 kl. 15.00.

Bindande bod kan bli gitt tidlegast frå du har motteke og lest salsoppgåva/prospektet. Alle bod må ha akseptfrist 08. juni. Er det ikkje oppgitt ein akseptfrist, vert det lagt til grunn at akseptfrist er 08. juni.

Gå inn på heimesida til prosjektet www.lerumbrygge.no og gi bod digitalt via «Boligvelgeren» og tenesta «Trygg budgivning». Dette gjer du enkelt ved å gå inn på den bustaden du ønskjer å leggje inn bod på. Ha tilgjengeleg Bank ID, slik at du får fullført bodprosessen.

Legg inn personalia på alle som skal stå som kjøparar. Oppgi plan for finansiering og kontaktdetaljar til banken din.

Er du einaste bodgivar på bustaden, og bodet oppfyller vilkåra, vil seljar akseptere bodet.

Er det innan bodfristen, den 31.mai kl. 15.00, mottatt fleire bod på same bustad, vil det i etterkant bli gjennomført ein lukka bodrunde mellom disse, slik at ingen nye bodgivarar eller interessentar slepp til. Meklar vil varsle ein dag i forkant om når bodrunda startar. Alle bod må ha akseptfrist på minimum 30 minuttar.

Meklar vil innan 1. juni informere den enkelte bodgivar om det er fleire bodgivarar på bustaden, eller dei bustadane vedkommande har lagt inn bod på.

 

Du kan betre dine odds ved å by på fleire alternative bustadar.

Du har gjerne ein favoritt, men om du ønskjer å auke moglegheitene dine, kan du velje å leggje inn bod på fleire alternative leilegheiter. Dette valet må du også ta innan salsstart den 31. mai.

Slik går du fram:

Du legg inn bod på kvar enkelt bustad på heimesida slik det er beskrive ovanfor. Du kan gi inntil 4 bod på 4 ulike bustadar i prioritert rekkefølge.

Prioritering skjer ved at det utformast eit atterhald på kvart enkelt bod ein vel å gi. Ved inngiving av det enkelte bod setjast opp ein prioritering av bustad, frå 1 og inntil 4. Atterhaldet gis då slik: "Prioritet 1 : C-301, Prioritet 2 : C-401, Prioritet 3: C-201......"  etc.

Denne prioriteringa er viktig då den vil styre i kva rekkefølgje seljar vil akseptere bod. Bodgivar som er einaste bodgivar på fleire einingar, vil då vere sikra å få aksept på den med høgast prioritet.

Bodgivar kan likevel velje å delta i bodrunda på ein bustad som bodgivar har satt på ein høgare prioritet enn bustaden som kjøper er einaste bodgivar på. Vi reserverer då den sistnemnde til eventuelle bodrundar er avklart.


Seljers aksept av bod og gjennomføring av bodrunda.

Alle bodrundar vil bli avklart fortløpande frå og med onsdag 1. juni. Bodrundar vil bli forsøkt løyst i fylgjande rekkefølgje: 4-roms, 3-roms og 2-roms. Bodgiving startar med den bustaden som har høgast prisantydning innan sin kategori (parkering ikkje medrekna). Deretter i sigande rekkefølgje.

Ved bustadar på same prisnivå innan sin kategori, gjennomførast bodrunda på den som ligg i høgaste etasje eller har størst areal (BRA) om de ligger i same etasje. Om det ikkje er mogleg å skilje på disse vilkåra, vel meklar rekkefølgje. I dei tilfella der det ikkje er same bodgivarar på ulike einingar, vil meklar kunne gjennomføre bodrundar som avviker frå dette. Bodgivarar som har bod inne på fleire bustadar etter prioritet, skal ikkje oppleve at det er bodrundar på meir enn ein av desse om gangen.

Inntil alle bod er avklart vil alle einingane i prosjektet, også dei det ikkje er mottatt bod på, vere reservert. Dei som då ikkje får akseptert sitt bod, får ein ny sjanse til å leggje inn bod på fastpris på dei einingane det ikkje er komen inn bod på. Sjå meir om dette under.

Det enkelte bod vil bli akseptert fortløpande av seljar slik tiden tillèt.

 

Eg ønskjer å kjøpe to bustadar. Kva gjer eg?

For kjøparar som ønskjer å kjøpe to bustadar må dette gjerast ved å gi bod på kvar eining, men då utan det oppgitte atterhaldet. Om ein ønskjer å gi bod i prioritert rekkefølge, kan ein også gjere dette. Totalt kan ein då leggje inn bod på 2x4 einingar i prioritert rekkefølgje. Det er berre mogleg å kjøpe to bustadar. Konferer gjerne meklar om du ønskjer å kjøpe fleire einingar.


Kva skjer om eg ikkje aksept på nokre av boda mine?

Bodgivarar som ikkje oppnår aksept på sine bod vil fortløpande få anledning til å leggje inn bod på ledige bustadar. Dette er bustadar der meklar ikkje har motteke bod ved salstart, eller som blir ledig fordi bodgivar har fått aksept på ei anna bustad i prosjektet. Her blir det fastpris og «førstemann til mølla».

 

Ingen andre interessentar enn dei som la inn bod ved salsstart får anledning til å leggje inn bod på disse før alle bod i prosjektet er avklart. Som bodgivar beheld ein altså ein fordel heilt fram til alle bod er avklart. Konferer med meklar når dine bod er avklart, slik at du får relevant informasjon om ledige einingar.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med Meklarhuset Sogn:


Jan Rune Årøy
Tlf: 950 44 240
E-post: jan.rune@meklarhuset.no

Olav Skjeldestad
Tlf: 905 64 525
E-post: olav@meklarhuset.no

Bjarte Haugen
Tlf: 948 56 528
E-post: bjarte@meklarhuset.no