nordr
Nordr
Bolig

Lerum Brygge 

Sogndal kommune er med sine 12 000 innbyggjarar og 3000 studentar ein vekstkommune på Vestlandet. I tillegg er Sogndal regionsenteret i Sogn med sine 32 000 innbyggjarar. Lerum Brygge ligg sentralt langs den populære Fjordstien, kun 400 meter frå Amfi Sogningen kjøpesenter og 500 meter frå Sjøkanten kjøpesenter.

Type

Næring

Kvm.

196 Kvm pluss mulighet for mesanin på 50 kvm.

Lokasjon

Lerum Brygge i Sogndal

Status Til salgs / leie

  • Under utvikling

    2020

  • Under bygging

    2022

  • Ferdigstilt

    Rålokale - kan tilpasses av kjøper. 



Ein møtestad for bygda

Nordr AS står for utbygging av Lerum Brygge i Sogndal. Med sine 115 leilegheiter fordelt over tre blokker blir dette eit attraktivt og levande område i Sogndal sentrum.

 Ved utvikling av Lerum Brygge har det vore fokus på å skape gode uteareal, både for dei som skal bu i leilegheitene og for innbyggjarane i bygda. Dette gir god tilgang til fjorden og den populære Fjordstien, ein av dei viktigaste turvegane i Sogndal sentrum. 

Frå den nye Osenbrui over Sogndalselva går Fjordstien i framkant av blokkene bort til Dampskipskaien og vidare. Mellom blokkene blir det eit amfi i tilknyting til eit større myldreområde, der ein kan sette seg ned og nyte livet ved fjorden.

I framkant av Fjordstien blir det i desse dagar bygd ein trekai, og det er planar om å byggje ei småbåthamn. 

Saman med Fjordstien, skal kvalitetane som blir lagt inn i Lerum Brygge-prosjektet skape aktivitet i Sogndalsfjøra og trekke folk ned til sjøen og det gode livet ved sjøkanten.

I 1. etg i blokk A er det eit ledig næringslokale som vi gjerne vil finne ein samarbeidspartnar til, for enten sal eller utleige.

Prosjektleder

Kontaktinformasjon