nordr

Unik sjanse

Tenk deg å gå ned på bryggjekanten på Lerum Brygge ein sommardag. Ta deg ein god kopp kaffe, sjå på den stille Sogndalsfjorden, rusle deg ein tur på fjordstien eller leig deg ein kajakk. Fjordstien skal følgje sjølinja i front av Lerum Brygge mot brua over Sogndalselvi. Samla vil dette vere med å forma eit godt bustadmiljø og nabolag.

Med Lerum Brygge har du ein unik sjanse til å bu ved fjorden i Sogndal.

5 min til Campus

2 min til sentrum

5 min til matbutikk

10 min til barneskule

Kort veg til det meste

På Lerum Brygge bur du midt i sentrum av saftbygdi, men likevel er du skjerma for trafikk. Her får du gang eller sykkelavstand til det aller meste i bygda. På to minuttar er du i sentrum, der ein finn butikkar og barneskule. Ein fem minuttar sykkeltur tek deg til Campus, med både ungdomsskule, vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet, i tillegg til treningssenter og eit av dei største klatreanlegga i landet.

Bærekraft er ein raud tråd i prosjektet og vi arbeider også med eit opplegg for bildeling.

Sogndal