Unikt i Sogndal
Sentralt
Ved fjorden

Lerum Brygge
Det gode liv ved fjorden
Saman med Lerum Brygge AS skal Nordr føra opp om lag 115 leilegheiter på Lerums kaien i Sogndal. Med Lerum Brygge får du ein unik sjanse til å bu ved fjorden og «leve» det gode livet her! Blokk A er utselt, kun 9 ledige leiligheter i Blokk B og nå er endelig Blokk C ute for sal.
Visning
Visning onsdag 29.06 kl 18-19. Her får de moglegheit til å bli med opp i Blokk A og sjå utsikten. Husk å melde deg på - kontakt meklar.
Pris
Kvm.
Soverom
Innflytting
A: November 2022
B: 3. kvartal 2023
C : 1. Kvartal 2024
Blokk C
Etter suksessen med blokk A og B, legg me no ut 27 leilegheiter i blokk C, i varierande storleik frå 35 m² til 98 m².
Den siste blokka i byggeprosjektet, Blokk C, blir ein sosial del av Lerum Brygge med ein takterrasse på heile 120 m²! Bygget er lågare enn dei andre to, er tettare knytt opp mot kaia, og blir inngangsporten til Lerum Brygge. Alle kan nyta livet ute på eigen balkong, nokre store, andre mindre.
Leilegheitene er arealeffektive, slik at dei kjenst større enn dei er. Takhøgda er 260 cm i stort sett alle leilegheitene, mot 240 cm som er standard. Det er store vindaugsflater og høg terrassedør for å sleppe inn mykje lys, fleire av leilegheitene har doble terrassedører.
Arkitekten ser for seg at Blokk C som siste byggetrinn på Lerum Brygge har leilegheiter for bustadkjøparar i alle livsfasar. Arkitektkontoret 4B har òg vore nøye på val av materialar. Lerum Brygge har ein grøn og tidlaus profil – og tilbyr ein lun atmosfære.
Prosjektstatus Blokk C
- Planlegging
Salstart
- Byggestart
- Innflytting
Ulike leilighetstypar
Balkongar
Gode kvalitetar
Leilegheiter
Blokk A er allereie utselt. I Blokk B finn du 9 ledige leilegheiter og i Blokk C 27 leilegheter med varierande storleik fra 35 kvm til 98 kvm.
Fleire leilegheiter har store og gode balkongar, nokre har store takterrassar. Lerum Brygge innehalde leilegheiter som stettar dei fleste sine behov.

Møtestaden
Lerum Brygge skal vere mykje meir enn berre ein stad å bu.
I prosjektet skal det byggjast gode uteareal der ein kan nyte stunda åleine eller ha fellesskap med gode naboar og bygdafolk. På Lerum Brygge bur du rett på den populære Fjordstien, der du kan gå frå Loftesnesbrui til Bondeviki. Fantastisk morgon- eller kveldstrim.

Berekraftig og aktiv livsstil ved fjorden
Få stader har eit så konsentrert sentrum som Sogndal. Bur du på Lerum Brygge har du gang[1]eller sykkelavstand til det aller meste i bygda. På to minuttar er du i sentrum, og ein fem minuttar lang sykkeltur tek deg til Campus Sogndal - med alle dei aktivitetane og arbeidsplassane som er der. Berekraft er ein raud tråd i prosjektet. Her leggjast det til rette for elsykkel-deling. Det vil også kome på plass kajakkar som bebuarane på Lerum Brygge kan bruka. Sykkel og skimiljøet er stort i Sogndal. For å ivareta behovet til desse, vil det bli etablert eit rom der ein kan preppa skia og stelle med syklar – eller anna sportsutstyr. Lån deg ein kajakk og nyt ein stille dag på fjorden, eller kva med å ta med naboen på ein sykkeltur?

Næringsareal
Det byggjast eit næringsareal i blokk A. Vår ambisjon er å tilføre mange gode kvalitetar i prosjektet, som for eksempel spisestad – slik at du kan leve det gode liv på kaikanten! Vi jobbar også med å utvikle ei småbåthamn med båtplassar, til glede for store og små.
Aktuelt
Slik kjøper du ny bustad på Lerum Brygge, Blokk C
Slik går du fram for å vere med på salsstart på Lerum Brygge, Blokk C.Informasjon om salsstart av Lerum Bygge Blokk C
Hei alle saman. Nå får de endeleg planteikningar, priser og prospekt for Blokk C på Lerum Brygge! Nedanfor finn de informasjon om prosessen fram mot salsstart.Ventar du på siste byggetrinnet på Lerum Brygge – det nærmar seg no!
Då Blokk A for lengst er utselt og det i Blokk B berre er 9 av 45 ledige leilegheiter, har me i desse dagar stort fokus på å klargjera Blokk C, som det siste byggetrinnet på Lerum Brygge, for sal. Vi arbeider no med innhenting av entreprisetilbod for bygging av blokka. Om alt går som planlagt vil Blokk C leggjast ut for sal med det første!God Jul frå Lerum Brygge
Tiden går fort – no er vi i ferd med å avslutte året 2021!For oss som arbeider med prosjektet Lerum Brygge har det vore eit spennande og kjekt år, vi set alle stor pris på å få være med å forma eit godt bustadprosjekt i Sogndal.Det går fremover med Lerum Brygge!
Det skjer stadig positive ting i prosjektet, det er soleis kjekt for oss å få informere om status på prosjektet slik det står i dag. Framdrifta i bygginga både med Blokk A og B går svært bra. På Blokk A arbeidast det med å ferdigstille ytterveggane. Det skal brukast mykje tre kledning på fasadane, noko som vil gje eit «varmt» uttrykk av bygget. Vi er også komne godt i gang med bygging av Blokk B, her er vi i sluttfasen med bygging av garasjen under blokka.Siste nytt frå Lerum Brygge
Sidan sist har det skjedd mykje positivt i prosjektet. Blokk A er no selt ut og i Blokk B har vi samla selt 26 av 45 leilegheiter, noko som er svært bra for eit 2. byggetrinn! Prosjeketet har framleis gode leilegheiter igjen i fleire prisklassar.Lerum Brygge – det perfekte utgangspunktet
Leilegheitene på Lerum Brygge ligg nært på både sykkelstiar og laussnø i verdsklasse.Frå produksjonsanlegg til møtestad
Lerum Brygge skal vere ein god stad å bu, men også ein stad der sogndøler og andre kan møtast.Informasjonsbrev mai 2021
Som de sikkert har fått med dykk er vi komne godt i gang med bygging av Blokk A, betongarbeida her vil i stor grad være utført når entreprenøren går ut på ferie måndag 12. juli. Tømmerarbeida vil starta i månadsskiftet mai/ juni.Info frå salsmøte
Vi takkar for dykkar deltaking på informasjonsmøtet for Lerum Brygge Blokk B, vonar at de opplevde dette som informativt og at de fekk den informasjonen de har trong for.Link til salsmøte 15. april
Velkomen til informasjonsmøte for Lerum Brygge blokk B.Salsmøte torsdag 15. april
Vi viser til prospektet for Blokk B som de fekk tilsendt like før påske. Det har vore kjekt å oppleva alle dei positive tilbakemeldingane vi har fått på prospektet.Har du venta på neste byggetrinn? No skjer det!
Blokk B leggjast ut for sal like etter påske, men du finn salsprospekt med salsteikningar, prisliste og bustadveljaren på nettsida allereie no.Selde for 12,5 millionar på ei veke. No kjem B-blokka
(Artikkel frå Sogn Avis av Arve Uglum)Det blir 3 i staden for 4 blokker på Lerum Brygge
Som sikkert fleire av dykk kjenner til har vi i det siste arbeida med å få endra utbygginga ved Lerum Brygge frå 4 til 3 blokker, noko som har medført at vi har søkt om endring av reguleringsplanen slik at denne gjev høve til slik utbygging.God Jul fra Lerum Brygge
No er snart det spennande, og sikkert for oss alle på mange måtar utfordrande året 2020 over. For oss som arbeider med Lerum Brygge har det vore eit kjekt og spennande år.Oppdatering Lerum Brygge
Vi er komne godt i gang med førebuande arbeid for oppstart av byggearbeida av Blokk A.Arkitektane bak Lerum Brygge
Store dimensjonar i landskapet. Høgdeforskjellar. Naturen tett på busetnaden. Arkitektkontoret 4B drog til Sveits for å hente inspirasjon.25 leilegheiter selde
Vel gjennomført salstart for interessentane på Lerum Brygge. Heile 25 leilegheiter er selde. Salet opnast no for alle!Tomtevisning veke 27
Fram mot frist for levering kjøpetilbod på leilegheitene opnar vi for tomtevisning.Tomtevisning veke 26
I etterkant av informasjonsmøte og fram mot bodfrist på nokre av leilegheitene opnar vi for tomtevisning.Det nærmar seg salstart for Lerum Brygge
(Artikkel frå Sogn Avis)Lerum Brygge skal bli så mykje meir enn ein plass å bu
Leif Henning Øyre er prosjektleiaren med lokal forankring, som brenn for å gjere Lerum Brygge til noko unikt.Riving av fabrikkbygningane snart ferdig!
Vi kan melde om at rivearbeidet på Lerum Brygge har gått svært godt og vil vere utført i midten av neste veke.Korleis vil det vere ved innflytting?
Lerum Brygge og Nordr er svært opptekne av at dei som kjøper leilegheit i blokk A ikkje skal bu på ein byggjeplass når dei flytter inn i leilegheita si.Julehelsing frå Lerum Brygge
Lerum Brygge vil med dette ønskje alle GOD JUL og GODT NYTT ÅR.Riving av fabrikkbygningane er i gong
5. desember markerte vi starten på rivingsprosjektet på Lerum Brygge.
Meklarinformasjon
Fleire prosjekt
Storetveithagen
Grønvollkvartalet
Nyegaardskvartalet
Gartnerkvartalet
Lurahammaren
Stokkes Hage
Tunveien
Nærbyen
Konsul Lorcks Hage 1
Maskinparken TRE
Maskinparken 2
Maskinparken 1
Ladebekken 2
Ladebekken 1
Kvartal 33
Brueland Gård
Blussuvoll Allé
Sørengstranda
Hagebyen
Gartnerløkka
Stålverket Park
Lurahammaren
Lille Løren Park
Mølleneset
Stålverket Torg
Solhøgda
Lerum Brygge
Lilleby
Straume Sjøfront
Løren Botaniske
Middelthunet
Øvre Steinaunet
Rovik Brygge
Sølyst
Østraadt Havn
Ranheim Senter
Nedre Skøyenvei
Ulsetstemma