nordr

Ventar du på siste byggetrinnet på Lerum Brygge – det nærmar seg no!

2022-05-16
Då Blokk A for lengst er utselt og det i Blokk B berre er 9 av 45 ledige leilegheiter, har me i desse dagar stort fokus på å klargjera Blokk C, som det siste byggetrinnet på Lerum Brygge, for sal. Vi arbeider no med innhenting av entreprisetilbod for bygging av blokka. Om alt går som planlagt vil Blokk C leggjast ut for sal med det første!

Salet av leilegheiter på Lerum Brygge har gått mykje betre enn forventa, noko vi i prosjektorganisasjonen sjølvsagt set stor pris på. Dette syner at dei kvalitetane som me har lagt inn i prosjektet, både med omsyn til arkitektur og uteareal er blitt godt mottekne av dei som har vore ute etter ny bustad her i Sogndal. Vi er her svært tilfreds med arbeidet som arkitekt og landskapsarkitekt har tilført i utviklinga av Lerum Brygge – Arkitektkontoret 4B og Norconsult.

Me vonar de er spente på kva innhaldet i Blokk C vil være – vi kan her nemne;

  • Hovudbygget er på 5 etasjar – trappast ned til 3 etasjar mot Dampskipskaien
  • 27 leilegheiter med storleik frå 35 til 98 m2
  • 10 stk. 2R (1 soverom) leilegheiter
  • 15 stk. 3R (2 soverom) leilegheiter
  • 2st. 4R (3 soverom) leilegheiter
  • Felles takterrasse med gode utsikts og soltilhøve


Nedanfor visast eksempel på nokre av leilegheitene me har i Blokk C;

2R leilegheit på 46 m2:

  • Romsleg og god leilegheit – to fløya balkongdør som på ein god måte opnar opp stoveveggen slik at du får det ute med deg inn i stova – god romfølelse

3R leilegheit på 54 m2:

  • God og arealeffektiv leilegheit med 2 soverom
  • Høgre skyvedører inn til soverom enn vanleg gir god romfølelse

3R leilegheit på 79 m2:

  • Stor balkong
  • God og romsleg leilegheit med store vindaugsflater mot fjorden

3R leilegheit på 75 m2

  • God og romsleg leilegheit med store vindaugsflater mot fjorden
  • Fin balkong med utsikt mot Loftesnes og Dampskipskaien

Kva så med framdrift på byggeplassen
I Veidekke Entreprenør har vi ein trygg og god gjennomfører av prosjektet. Blokk A skal ferdigstillast no i haust, Blokk B ferdigstillast sommaren 2023.

Bygga reiser seg – bilde teke i mars månad – i dag er betongarbeida i Blokk B komen opp i 4. etasje

Her skal det bli godt å bu og å «leva» det gode livet ved fjorden!

Det kan gleda dykk til prospektet for Blokk C blir lagt ut – her vil det være leilegheiter for dei fleste! 

Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med Meklarhuset Sogn:

Jan Rune Årøy
Tlf: 950 44 240
Mail: jan.rune@meklarhuset.no

Olav Skjeldestad
Tlf: 905 64 525
Mail: olav@meklarhuset.no

Bjarte Haugen
Tlf: 948 56 528
Mail: bjarte@meklarhuset.no