nordr

Siste nytt frå Lerum Brygge

2021-09-15
Sidan sist har det skjedd mykje positivt i prosjektet. Blokk A er no selt ut og i Blokk B har vi samla selt 26 av 45 leilegheiter, noko som er svært bra for eit 2. byggetrinn! Prosjeketet har framleis gode leilegheiter igjen i fleire prisklassar.

Ved eit slikt godt sal , vil vi i desse dagar starta prosjektering av Blokk C. Vi legg opp til salsstart våren 2022 for denne blokka.

Når det kjem til næringsarealet vil Lerum Brygge leige ut arealet til ein aktør som kan drive ein type næring som vil gagne prosjektet. Dette kan være næring som restaurant og/ eller minibakeri og liknande. Vi har starta prosessen med å finna ein slik aktør, og skal ha nokre møter med potensielle leigetakarar i nærmaste framtid.

Illustrasjon som viser korleis næringsarealet kan bli.  

Vi har også dialog med aktør som ønskjer å få på plass flytande badstove ved prosjektet vårt.

Det blir mange gode element i prosjektet som vil gjere det godt å leva ved fjorden!

Framdrift på byggeplassen

Framdrifta for Blokk A går som planlagt. Vi har her montert yttertaket, slik at vi no ser konturane av heile bygget. Som de sikkert kjenner til har taket ein svak helling som det skal leggjast sedum tak på, noko vi trur vil bli utruleg fint!
Vi er også komen godt i gang med å sette opp ytterveggar på Blokk A, denne blokka kjem til å være nokolunde ferdig utvendig rundt årsskiftet. Parallelt med utvendig arbeid kjem vi ut på hausten til å starta opp med innvendige arbeider.
Vi er også komen godt i gang med garasjeanlegget under Blokk B, betongkonstruksjonen for denne kjem til å være ferdigstilt i november månad i år. Vi arbeider for å kome i gang med bygging av Blokk B like etter at garasjeanlegget er ferdigstilt.

Det er kjekt å sjå at blokk A tek form

For meir om Nordr sitt byggeprosjekt på Lerum Brygge – det gode liv ved fjorden, sjå prosjektets bustadveljar her.


Dersom de har spørsmål kan de ta kontakt med Meklarhuset Sogn:

Jan Rune Årøy
Tlf: 950 44 240
Mail: jan.rune@meklarhuset.no

Olav Skjeldestad
Tlf: 905 64 525
Mail: olav@meklarhuset.no

Bjarte Haugen
Tlf: 948 56 528
Mail: bjarte@meklarhuset.no