nordr

Informasjonsbrev mai 2021

2021-05-07
Som de sikkert har fått med dykk er vi komne godt i gang med bygging av Blokk A, betongarbeida her vil i stor grad være utført når entreprenøren går ut på ferie måndag 12. juli. Tømmerarbeida vil starta i månadsskiftet mai/ juni.

Vi har i desse dagar starta salet av leilegheiter i Blokk B, samla for Blokk A og Blokk B har vi no selt 50 leilegheiter – noko vi er svært tilfreds med.
Blokk A kjem til å ferdigstillast hausten 2022, medan Blokk B kjem til å ferdigstillast hausten 2023.

Vi som arbeider med Lerum brygge prosjektet synes det er eit svært spennande prosjekt å arbeide med. I tillegg til å utvikle gode leilegheiter synes vi det er spesielt kjekt å få utvikle dei særs gode uteareala som Lerum Brygge blir ein del av. Dette er uteareal som vi er overtyda om at både dei som kjem til å bu på Lerum Brygge og allmenta elles vil få stor glede og nytte av.
Grepet som vi gjorde der vi endra utbygginga frå 4 til 3 blokker ser vi har vore eit godt tiltak, blant anna med omsyn til uteareala.

Oppstart av garasjeanlegg under Blokk B
Vi har i desse starta arbeidet med peling for garasjeanlegget som skal være felles for Blokk A og B. Det er planlagt at dette arbeidet skal være ferdig til 7. juni, men då vi har hatt god framdrift også på dette arbeidet ser det ut som at vi kan ferdigstille arbeidet noko tidlegare.
Dette er arbeid som dei nærmaste naboane vil oppleva som støyande, tilsvarande slik ein opplevde det når vi utførte pelearbeid for Blokk A. På dei nærmaste eigedommane vil en også kunne oppleve rystelsar. For å ha kontroll på dette har vi sett opp fleire rystelsar målarar som vil være styrande for pelearbeidet.

Peleriggen i arbeid med garasjeanlegget under Blokk B:

Sals start Blokk B
Vi hadde ein god salsstart på Blokk A og vi vi var spente på salstarten for Blokk B – stor var gleda når vi oppnådde at heile 20% av leilegheitene i Blokk B vart selt på salsstarten.
Veka vi hadde salsstart på Blokk B selte vi også 3 leilegheiter i Blokk A. Då vi no berre har att 3 ledige leilegheiter i Blokk A var det i «grevens» tid at vi fekk klargjort Blokk B for salsstart.

Vi vonar at de har interesse for prosjektet – har de lyst på ein tomtesynfaring kan de ta kontakt med meklar slik at dei kan avtala synfaring med Nord sin prosjektleiar – som likar å vise fram prosjektet!

Vi har sagt det før – det skal bli kjekt å bu på Lerum Brygge!

Sogndal er ei fin bygd – bilde sett frå Stedje sida:

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Jan Rune Årøy
Tlf: 950 44 240
Mail: jan.rune@meklarhuset.no

Olav Skjeldestad
Tlf: 905 64 525
Mail: olav@meklarhuset.no

Bjarte Haugen
Tlf: 948 56 528
Mail: bjarte@meklarhuset.no

Digitalt prospekt: trykk her
Bustadveljar:
 trykk her