nordr

Arkitektane bak Lerum Brygge

2020-07-08
Store dimensjonar i landskapet. Høgdeforskjellar. Naturen tett på busetnaden. Arkitektkontoret 4B drog til Sveits for å hente inspirasjon.

Sveits og Sogndal har mykje likt

– Dei har eit landskap som minner om vårt: grønt og frodig. Sveits har store kontrastar med innsjøar og høge fjell. Dei har ein del bustadsprosjekt som kan minne om Lerum Brygge, med større bygg og leilegheitskompleks på mindre tettstadar, fortel Heidi Kathrin Osland, dagleg leiar.

Arkitektkontoret 4B starta med Lerum Brygge i 2018. Da låg det til grunn ein reguleringsplan som hadde møtt ein del motstand. Eit stort bustadsprosjekt skulle inn i ei mindre bygd, på ei tomt mange har kjensler for og tilhøyrsle til. Dei ønskja inspirasjon, og starta med studieturen til Sveits.

Integrerer bygg og landskap

Heile arkitektkontoret er involvert i prosjektet, saman med landskapsarkitekt Gøril Holen Lomheim frå Norconsult. Det er eit stort prosjekt for ei bygd som Sogndal.

Saman ønskte dei først og fremst å snu fokuset. Fortelje folk at dette skal bli så mykje meir enn nokre høge bustadblokkar. Lerum Brygge skal involvere bygda og appellere til fleire målgrupper. Dei ønskjer godt samspil mellom ny og eksisterande busetjing, med tilgang til fjorden og Fjordstien. Eit fint område for born og ein trygg møteplass for bygda.

– Me har mykje fokus på bakkeplanet. Parkeringshuset er teikna inn i terrenget og grøne fellesareal er prioritert. Me har fått det bilfritt og meir ope mellom blokkane, fortel Osland.

I tillegg er har det vore viktig å få bygningane til å stå fint mot naturen og fjella rundt. Det er mellom anna lagt opp til eit amfi mot fjorden, der ein kan sitje og nyte fjordutsikten. Slik vert bygningar og landskap integrert.

Materialar med eit lunt preg

Arkitektane har òg vore nøye med val av materialar. Lerum Brygge skal ha ein grøn og tidlaus profil, og tilby ein lun atmosfære.

– Materialane skal opplevast behagelege og lune. Bygda skal ønskje å oppsøke området og folk i alle aldrar skal ønskje å bu her. Det må vere framtidsretta og gli inn i naturen rundt. Difor har me mellom anna valt sedum på taket og trekledning utvendig, fortel Osland.

Kledning av tre gjer at bygningane passer godt inn i nabolaget, med eldre trehus tett på. Sedumtak med grøne vekstar vil gi ein fin overgang til naturen og fjella rundt. I tillegg er det valt mørke beslag, for å gi Lerum Brygge eit klassisk og tidlaus preg.

– Eg har ein sterk kjensle av at me har klart å gjere dette til eit godt prosjekt for Sogndal. Det har vore god respons og me trur me har klart å gje prosjektet eit lokalt preg og utnytta tomta på beste måte. Dette skal vere for alle aldrar og Lerum Brygge skal kle bygda. Den miksen trur eg me har fått til, avsluttar Osland.